Oppstart infrastruktur
2025-06-30
Statusoppdatering frå Kamben Stryn
Kamben AS tek sikte på å starte opp arbeidet med infrastruktur i september 2025. Dette inkluderar tilrettelegging av veg, vatn, avløp og annan teknisk infrastruktur for bustadsfeltet. Vi ser fram til å sjå dei første stega i realiseringa av bustadområdet!
Løysing for overvatn
Alternativ for løysingar ved overvatn er no sendt over til Stryn kommune. I samråd me kommunen vil det avgjerast kva alternativ ein vil gå for. dette er eit viktig steg i å sikre god og bærekraftig handtering av nedbør i området.
Ta kontakt!
Vi vil halde dykk løpande oppdatert etter kvart som prosjektet utviklar seg vidare. Har du spørsmål eller ønskjer ein prat om moglegheiter på Kamben, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.