Beliggenhet
Det nye tomtefeltet på Tonningskamben ligg på ein høgde over sentrum, noko som gir eit fantastisk utsyn utover Nordfjorden i vest og mot Oppstryn og Flo i aust. Frå Kamben er det kort avstand til Stryn sentrum, samtidig som bebuarane har umiddelbar nærheit til naturen og populære turløyper.
Nærområdet
Stryn er meir enn berre ein naturskjønn destinasjon - nærområdet byr på eit breitt utval av aktivitetar, restauranttilbod, kulturelle opplevingar og butikkar.
Mangfoldige aktivitetar for barn og unge i Stryn
Stryn Kommune tilbyr eit breitt spekter av aktivitetar for store og små. Stryn har eit variert idrettstilbod for alle aldrar og ferdigheiter. Verdt å nevne er den moderne basishallen i Stryn som har gitt mykje turnglede til barn og unge i Stryn, samt ein idrettshall og fotballstadion. Det arrangerast også mykje uorganiserte aktivitetar som gir innbyggjerane muligheit til å delta på noko sosialt, uavhengig av om dei er med i ein organisert idrett.
Kultur
Stryn kulturskule er ein viktig kulturinstitusjon i kommunen, og tilbyr kreative aktivitetar for barn og unge. Kulturskulen tilbyr undervisning i bl.a dans, teater, instrument og kunst. Stryn Kulturhus er eit samlingspunkt og husar mange arrangement som konsertar, teaterframsyningar, marknader og kino. I kulturhuset ligg også populære Stryn Symjehall.
Restaurantar, kafeear og serveringstilbod
Stryn byr på eit variert restaurant- og serveringstilbod. Enten du ønsker sushi, portugisisk, tradisjonelle eller internasjonale rettar finn du noko for din smak langs hovedgata i Stryn.
Festivalbygda Stryn - Liv og røre året rundt
Stryn er også kjent for sine mange festivalar som gjer bygda til ein pulserande stad gjennom heile året! Festivalane i Stryn samlar både lokalbefolkninga og besøkande, og skapar ei heilt spesiell stemning i bygda. Nokre av dei mest kjende festivalane i Stryn er: Motorfestival, Visefestival, Oktoberfest, Gummibåt-festival og Street Food Festival.
Sport og fritid
Stryn er kjent for sine fantastiske naturopplevingar, og det er fleire mulegheiter for utandørs aktivitetar året rundt.
Vinteraktivitetar
I vintermånadane kan du oppleve skiglede i nedfartane på Stryn Vinterski, eller nytte km-vis med langrennsløyper mellom Ullsheim og Stryn Vinterski. Stryn er også eit perfekt utgongspunkt for toppturar både for nybegynnerar og erfarne topptur-entusiastar.
I Loen kan du ta gondolen opp til Hoven og ake ned norges lengste akebakke. Her akar du med fantastisk fjordutsikt i heile 7 kilometer, fordelt på 700 høgdemeter.
Sommeraktivitetar
Våren og sommeren er ei fantastisk tid for å utforske dei vakre landskapa og utendørsopplevingane som tek deg nær naturen, og gjev deg mulegheita til å nyte den friske fjordlufta, dei majestetiske fjella og dei idylliske dalane i nærområdet.
Fjellvandring og sykling populære aktivitetar, og her kan kommunen skilte med ei mengde turstiar og sykkelruter som tek deg til fantastiske utkikkspunkt. For dei som ønsker å oppleve imponerande utsikt utan å gå lange turar er Loen Skylift eit must. Gondolen tek deg frå fjorden og opp til Hoven, der du kan nyte fantastisk utsikt over fjord og fjell. Her finn du flotte turløyper og mulegheiter for både mat og drikke med panoramautsikt.
Med sine innsjøar og fjorden er det godt tilrettelagt for vassport i området. Kajakkpadling, vannscooter og Sup-brett er populære aktivitetar på sommerstid.
Stryn tilbyr eit rikt og variert tilbod for både fysisk aktivitet og avkopling.
Distansar
Barnehage
1,5 - 3,1 km
Skule
1,7 - 2,2 km
Butikk
2 km
Busstasjon
1,8 km
Beregn reisetid
Prøv reisetidskalkulatoren for å se hvor lang tid det tar å reise hit fra ditt utgangspunkt, med ulike transportmidler