Om oss - Kamben AS
Kamben AS vart etablert i 2021 av gründerane Håvard Maurset og Rune Solheim. Med seg på laget har dei fått ei lokal investorgruppe frå næringslivet i Stryn, som delar deira visjon om å bidra til positiv vekst og utvikling i kommunen. Investorgruppa består av Kr A Vik AS, ISCO AS, ORV Holding og Hatledal AS.
Selskapet utviklar bustadsfeltet Kamben, som ligg sentralt til på Tonningskamben i Stryn sentrum. Tomteområdet består av 50 tomter for ein- og tomannsboligar, ei barnehagetomt samt 6 konsentrerte felt for fleirmannsbustadar.
Vår visjon
Kamben AS er stolte av å kunne bidra til Stryn kommune si utvikling gjennom ansvarleg og bærekraftig tomteutvikling. Vi set kvalitet, pålitelegheit og samarbeid høgt. Kamben AS ønsker å bidra til et triveleg og levande nærmiljø, og ser fram til å utvikle eit godt nabolag på Kamben.